Program

 

Treng du overnatting under Rundballefestivalen? Sjå fjaerland.org for alternativ.

Fredag 27.august

18.00   Rundballekorps, øving på skulen

19.00   Fylkestyret i bondelaget inviterar bønder til ein uformell samtale på Bøyum Camping.

21.00   Rundballerock på ferjekaien

Laurdag 28. august

09.00 – 12.00

Rundballekorps, øving på skulen

Fagseminar på Hotel Mundal. Hovudtema: Frå for til bord.

12.00 – 17.00 Aktivitetar  og underhaldning for små og store  på ferjekaien og idrettsplassen,

m.a. veving av festivalvev, forming av eigen minirundballekunst, kjærleikssti, rundballelotto, hestadritabingo, hinderløype og presisjonskøyring for born.

12.00 og 14.00 Kunstrundtur rundt i bygda med veteranbuss for å sjå bygda og rundballekunsten til bøndene. Turane er med guide. Kr 50,- pr pers/ familie kr 150,-

13.00 – Offesiell opning på festivalplassen

  • Opning v/ Erling  Sande, leiar for energi- og klimakomiteen påStortinget.
  • Helsingar til festivalen frå leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, Martin Haarr frå Grønt punkt og ordførar Jarle Aarvoll.
  • Urframføring av festivalverk for korps, av og med komponisten sjølv, Magne Rutle.
  • Avduking av festivalkunstverka til Oddleiv Apneseth.

13.00 – 16.00 Rundballe-VM , innleiande rundar.

13.30 og 15.30 Ulldotten. Figurteater for dei aller yngste, om spinnerska og ulldotten som ikkje ville bli tråd, av og med Henriette Harbitz og Lena Skjerdal.

14.00 – 16.00 Presisjonskøyring med John Deere på idrettsplassen. Pengepremie.

15.00 Publikumskåring av Fjærland si beste upasteuriserte mjølk.

16.00 Finalar i RundballeVM

16.30 Premieutdelingar.

På festivalplassen kan du også få høyre om

    • miljøsvin- eller rein mat, ved Martin Haarr frå Grønt punkt
    • korleis gass frå møk kan utnyttast, ved prosjektgruppa som no har avslutta eit forprosjekt der dette har vore temaet.
    • rask oppfrisking av grunnleggande fyrstehjelp, ved Fjærland røde kors.

20.00 Rundballefest i bygdahuset.

Program: «Mordet på Lunde». Komedie framført av Kaupanger ungdomslag.

Servering: Kålrullar med tilbehør, kaffi og rullekake.

Dans til levande musikk.

Pris kr 250,-.

Sundag 29.august

11.00  Friluftsgudsteneste på Fletene på Skarestad. Kafi og saft etter gudstenesta. Ta med kopp og niste.

12.30  Fellestur frå Fletene til Lindesvoi. Herifrå kan dei aller sprekaste halde fram til Leikji.

© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha