Fyrste rundballefilmen klar

 Posted by eivind at 16:07  Film
aug 172010
 

Den fyrste rundballefilmen er meld på i konkurransen!

Du kan sjå fleire filmar på youtube etter kvart som dei blir lagde til. Takk til Niclas Skinlo for eit morosamt bidrag!

 

Magne Rutle, kjend arrangør og komponist, med røter frå Fjærland komponerar eit eige rundballeverk til årets festival. Til å framføre verket inviterer me alle korpsmusikantar og andre musikarar som vil, både unge og gamle. Sjølv om me kallar dette eit korpsprosjekt, er det på ingen måte eit tradisjonelt korps de vil høyre framføre tingingsverket på festivalen. Continue reading »

aug 022010
 

Programmet og utforminga av Rundballefestivalen er på det næraste klart, og då treng me hjelp. Om du har tid til å møta opp på ferjekaien i Mundal sundag 22. august kl. 13, tek me med takk imot hjelp. Me skal setja opp telt, bord og stolar og alt anna som trengst for å laga ein flott rundballefestival. Velkomen!

jun 252010
 

Alt no har det kome inn fleire påmeldingar til Rundballerock. Band som Blackout dreams og Master of command har meldt seg på, og sistnemnde har alt oppfylt kravet for å vera med på Rundballerock: Dei har laga ein rundballesong! Alle deltakarar på Rundballerock må nemleg ha minst eitt innslag som på ein eller annan måte kan ha med rundballar å gjera, anten andre sine eller eigne songar.

Spelar du i eit band? Meld deg på!

mai 162010
 
Oddleiv Apneseth tek bilete av bøndene 14. mai 2010

Oddleiv Apneseth tek bilete av bøndene 14. mai 2010. Foto: Gaute D. Bøyum.

Fotografen Oddleiv Apneseth, 25 traktorar, fleire stolte bønder og endå fleire rundballar. Slikt blir det kunst av, i alle fall i Fjærland.

I ein fotoseanse 14. mai stilte bøndene seg opp på rundballar ute på bøen på Skarestad, etter tilvisingar frå Apneseth. Resultatet vart eit storfelt kunstverk som kan sjåast på mange måtar: Eit innlegg i landbruksforhandlingane, eit kunstuttrykk om landbruk og kulturlandskap, eller rett og slett bønder som stolt syner fram seg og yrket sitt. Dei aller fleste aktive bøndene var med. Avløysarane, som er med og held landbruket i gang frå dag til dag, var heller ikkje gløymde.

Dette var eit vakkert syn som ga både meg og andre tårer i augo. Takk til alle dykk som var med!

Les gjerne meir hjå NRK.

Knut P. i rundballeplast

 Posted by eivind at 19:24  Kunst, Nytt
mai 152010
 
Knut P. Bøyum og traktoren hans i rundballeplast. Eline sjekkar at alt er i orden.

Knut P. og traktoren hans i rundballeplast. Eline sjekkar at alt er i orden. Foto: Gaute D. Bøyum

Som del av kunstprosjektet til Rundballefestivalen 2010 har Oddleiv Apneseth teke bilete av Knut P. og traktoren hans, båe innpakka i rundballeplast. Les meir på Fjærland-sona på Origo, eller sjå på nyhendeinnslaget hjå NRK. Dette vart eit riksinnslag, som kom fyrst i Vestlandsrevyen og so i Noreg i dag. Me kan roa lesaren med at Knut fekk pusta, og at det gjekk tolleg greitt å få av plasten att.

feb 202010
 

Dette var tema for forelesinga styreleiar i Felleskjøpet Agri, Steinar Dvergsdal, heldt på fagmøte i Fjærland laurdag 20. februar. Han snakka til ei lydhøyr forsamling som ikkje var redde for å ta ein diskusjon på om samvirkeorganisasjonane er til bøndene sitt beste. Continue reading »

feb 152010
 

Contribute a «bale movie» to the film competition at the International Round Bale Festival, Fjærland, Norway, August 2010! Make a round bale film, publish it or send it to us, and win money prizes, glory and honour. Continue reading »

© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha