I morgon byrjar rundballefestivalen med øving i rundballekorpset, og etterpå rundballerock. Mesteparten er på plass – inkludert storfelt og imponerande fotokunst av Oddleiv Apneseth, som fyrst vil bli avduka på laurdag kl. 13.

Men ein ting manglar me: Nok korpsmusikarar! Mange av korpsa i nærområdet har ikkje vore klare til å ta imot den gåvepakka Rundballefestivalen er for å få sparka i gang korpsåret, og difor er me litt for få. Spelar du sjølv, eller kjenner du nokon som spelar? Kontakt oss, og bli med. Hiv dykk rundt, store og små!

aug 242010
 

Rundballefestivalen har fått dekning på NRK S&F, Kulturnett Sogn og Fjordane, Bondelaget, samt i Firda og Firda ein gong til, Sogn avis og på Origo fleire gonger. Samt truleg ein haug andre plassar, og i tillegg skal det koma meir, mykje meir. Les i veg!

Les du på mjølkekartongane?

 Posted by Hanne at 08:54  Nytt, Ymse
aug 202010
 

I så tilfelle har du kanskje lagt merke til overskrifta «Har norsk natur noko å seie for smaken på mjølka?» Dette er noko av det  me freistar å gi svar på under årets fagseminar ,»frå fôr til bord». Og ikkje berre for mjølk, men også for kjøt. Continue reading »

 

Den norske bokbyen i Fjærland har runde prisar under rundballefestivalen. Alle runde boktitlar går for halv pris heile festivalhelgi. Les meir hjå bokbyen.

aug 022010
 

Programmet og utforminga av Rundballefestivalen er på det næraste klart, og då treng me hjelp. Om du har tid til å møta opp på ferjekaien i Mundal sundag 22. august kl. 13, tek me med takk imot hjelp. Me skal setja opp telt, bord og stolar og alt anna som trengst for å laga ein flott rundballefestival. Velkomen!

mai 162010
 
Oddleiv Apneseth tek bilete av bøndene 14. mai 2010

Oddleiv Apneseth tek bilete av bøndene 14. mai 2010. Foto: Gaute D. Bøyum.

Fotografen Oddleiv Apneseth, 25 traktorar, fleire stolte bønder og endå fleire rundballar. Slikt blir det kunst av, i alle fall i Fjærland.

I ein fotoseanse 14. mai stilte bøndene seg opp på rundballar ute på bøen på Skarestad, etter tilvisingar frå Apneseth. Resultatet vart eit storfelt kunstverk som kan sjåast på mange måtar: Eit innlegg i landbruksforhandlingane, eit kunstuttrykk om landbruk og kulturlandskap, eller rett og slett bønder som stolt syner fram seg og yrket sitt. Dei aller fleste aktive bøndene var med. Avløysarane, som er med og held landbruket i gang frå dag til dag, var heller ikkje gløymde.

Dette var eit vakkert syn som ga både meg og andre tårer i augo. Takk til alle dykk som var med!

Les gjerne meir hjå NRK.

Knut P. i rundballeplast

 Posted by eivind at 19:24  Kunst, Nytt
mai 152010
 
Knut P. Bøyum og traktoren hans i rundballeplast. Eline sjekkar at alt er i orden.

Knut P. og traktoren hans i rundballeplast. Eline sjekkar at alt er i orden. Foto: Gaute D. Bøyum

Som del av kunstprosjektet til Rundballefestivalen 2010 har Oddleiv Apneseth teke bilete av Knut P. og traktoren hans, båe innpakka i rundballeplast. Les meir på Fjærland-sona på Origo, eller sjå på nyhendeinnslaget hjå NRK. Dette vart eit riksinnslag, som kom fyrst i Vestlandsrevyen og so i Noreg i dag. Me kan roa lesaren med at Knut fekk pusta, og at det gjekk tolleg greitt å få av plasten att.

© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha