aug 292010
 

Rundballefilmkonkurransen fekk inn til saman fire bidrag, og eg skal avsløra med ein gong at vinnarane vart Paint ball og Gøy på landet, med delt fyrsteplass og 33 røyster kvar. Det er eit høgt nivå på båe vinnarane, og mykje arbeid som ligg bak. Heider, ære og ein liten pengepremie går til båe, samt truleg massevis av avspelingar på Youtube. Takk til alle som bidrog, og gratulerer!

Eksplosiv rundballefilm

 Posted by eivind at 08:44  Film
aug 272010
 

Her er det berre ein ting å seia: Søk dekning!

Hjartans takk til Jo Marius Bøyum for ideen, André Øygard som ofra ein ball, og alle andre som hjelpte til med dette verket.

To nye rundballefilmar

 Posted by eivind at 21:38  Film
aug 242010
 

Hipp hurra! To nye rundballefilmar har me fått inn. Fyrst ut er Else, Håkon, Karianne og Janne Merete, som har laga paintball- eller kanskje paint ball-filmen under.

Neste film er frå hundegruppa i Fjærland, som har drive aktiv trening rundt ballane. Takk til Siv Reinen, Maria Langhelle, Arild Johannes Sandvik, Hege Våtevik, Stian Årdalsbakke og Line Reinen for dette bidraget:

Takk til dykk alle! Og det er framleis plass til fleire – send oss ein epost (post alfakrull rundballefestivalen punktum no) og sei frå om de har laga ein! Les reglane, bruk fantasien, og lukke til.

Fyrste rundballefilmen klar

 Posted by eivind at 16:07  Film
aug 172010
 

Den fyrste rundballefilmen er meld på i konkurransen!

Du kan sjå fleire filmar på youtube etter kvart som dei blir lagde til. Takk til Niclas Skinlo for eit morosamt bidrag!

© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha