Fotografen Oddleiv Apneseth, 25 traktorar, fleire stolte bønder og endå fleire rundballar. Slikt blir det kunst av, i alle fall i Fjærland.
I ein fotoseanse 14. mai stilte bøndene seg opp på rundballar ute på bøen på Skarestad, etter tilvisingar frå Apneseth. Resultatet vart eit storfelt kunstverk som kan sjåast på mange måtar: Eit innlegg i landbruksforhandlingane, eit kunstuttrykk om landbruk og kulturlandskap, eller rett og slett bønder som stolt syner fram seg og yrket sitt. Dei aller fleste aktive bøndene var med. Avløysarane, som er med og held landbruket i gang frå dag til dag, var heller ikkje gløymde.
Dette var eit vakkert syn som ga både meg og andre tårer i augo. Takk til alle dykk som var med!
Les gjerne meir hjå NRK.

