Urframføring av tingingsverk

 

På festivalen i 2006  vart det framført ein rundballefanfare komponert av Magne Rutle. Den vart framført av medlemmer frå Fjærland skulekorps og godt motteken. I år vil både me i Fjærland og Magne sjølv gjera endå meir.

Me inviterar alle korpsmusikantar og andre musikantar som ynskjer det til å vera med å øve inn og framføre eit nytt tingingsverk av og med Magne Rutle. Me samlast festivalhelga og øver fredag kveld og laurdag førmiddag. Urframføringa finn stad på festivalplassen laurdag.

Fredag kveld skal det også vera  rundballerock. Me vil legge tilrette for at de kan delta på begge deler.

Me kan tilby  overnatting  på skulen fredag til laurdag m/frukost for kr 100,-.

Påmeldingsavgift kr 100,- pr. pers.

Aldergrense 13 år for musikantar som ikkje har fylgje av vaksne.