RundballeVM

 

RundballeVM er ein uhøgtidleg lagkonkurranse som går ut på å trille ein rundball 10 meter (7,5 meter for damelag) på flatt underlag, springe ei hinderløype over og rundt rundballar for så å avslutte med å trille rundballen attende til utgangspunktet, på kortast mogleg tid. Det er 2 personar på kvart lag og eigen dameklasse.

Tevlinga går føre seg frå 13.00 – 16.00 med finalar 16.00 laurdag 27. august på festivalplassen (ferjekaien) i Fjærland. Alle som vil kan delta.

Nytt av året er eigen bedriftsklasse i rundballeVM. Meld verksemda dykkar på!

De får profilert dykk på ein positiv måte, dei tilsette får ei samlande og kjekk oppleving og samstundes støttar de arrangementet. Bedriftspris kr 500,- pr. lag. Det inkluderar festival-t-skjorter til deltakarane. Vinnarane får i tillegg til andre premiar fri inngang på festen i bygdahuset laurdag kveld.

Påmeldingsavgifta betalast til konto nr 3720.12.54907 innan torsdag 26/8.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på post@rundballefestivalen.no eller ring Jarle Mundal på mob 958 29 171. Me gler oss til å ta imot dykk.


© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha