Rundballerock
Ein sjanse til å spela på den tøffaste festivalen i landet
Bli med på Rundballerock i Fjærland! Festival, premiering og bra publikum.
Tid og stad:
Fredag 27. august 2010 kl. 21:00, ferjekaien i Mundal.
Om:
- Rundballerock er ein rusfri stafettkonsert/bandstand som går av stabelen under Den tredje internasjonale rundballefestivalen i Fjærland, 27.-29. august 2010.
- De er garanterte eit stort og entusiastisk publikum.
- Me tek opp og kringkastar konserten, og gjev dykk meir merksemd!
- Premiering for beste band.
- I tillegg vil me gjerne ha dykk med på Rundballekorpset. Dette blir ei absolutt utradisjonell samansetjing av band og korps. Øvingar på Fjærland skule fredag kl. 18 og laurdag kl. 9, framføring laurdag 28. august kl. 14. De kan få overnatting m/frukost på skulen for kr 100,- pr. pers. Hugs liggeunderlag, sovepose og rikeleg godt humør.
Krav:
- Settlengd maks 20 minutt
- Minst ein song må ha noko med rundballar (eller noko rundt, ballforma, sirkulært, grasaktig eller plastinnpakka) å gjera. Døme: Great balls of fire, Det går rundt og rundt, The green green grass of home… Bruk fantasien! Eigenkomponert er sjølvsagt best.
- Me stiller vanleg bandutstyr: Trommesett, forsterkarar, tangentar, lys- og lydutstyr. De må ta med eigne instrument utover dette. Spesielle ynskje når det gjeld lys og lyd kan meldast seinast ei veke på førehand, men de kan ikkje rekna med å få ynskja oppfylte.
- De må vera møtte fram og klare til å spela seinast når lydsjekken byrjar kl. 19:30, fredag 27. august 2010. Maks 10 minutt lydsjekk pr. band.
Meld dykk på: post@rundballefestivalen.no / påmeldingsskjema her. Ansvarleg for tilstellinga er Eivind Ødegård, tlf. 944 39329.
[...] Rundballerock [...]