Rundballerina

Denne kongroa var så uheldig å miste store deler av familien sin i denne ballen. Fyrst forsvann nokre av borna  når slåmaskina kom, og dei som berga seg då, kom seg ikkje vekk i tide når pressa kom. Men som om det ikkje var nok, så mista ho jammen all maten sin i ballen også. Alle dei fine spinna med godt spekne fluger i forsvann i ein fart. Så no sit ho her og passar på, både ballen og det nye spinnet ho måtte lage seg for å skaffe seg ny mat.

Kongroa heng i nettet sitt oppe på bøkanten ved avkøyrsla til Haugen. Den er laga av stoff fylt med vatt og pynta med paljettar og effektgarn. Nettet er hekla av bomullstråd. Kunstverket er laga av Gunvor Haugen.

Andre kunstverk som fekk hederleg omtale av juryen var «Da gaor i badl» av Wigdis Våtevik og medhjelparar og «Bøying med høgdeskrekk» av Aamund Mundal. I juryen sat kutursjef i sogndal kommune, Maryan Mundal, fylkesordførar Nils R. Sandal og festivalkunstnar Oddleiv Apneseth.

 
© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha