I så tilfelle har du kanskje lagt merke til overskrifta «Har norsk natur noko å seie for smaken på mjølka?» Dette er noko av det me freistar å gi svar på under årets fagseminar ,»frå fôr til bord». Og ikkje berre for mjølk, men også for kjøt.Frå fôr til bord.
Olav Arnar Bø held fyrste del av seminaret. Han vil ta føre seg alt som er med å påverke kjøtkvaliteten frå kalvane er fødde til storfekjøtet er servert. Olav Arnar Bø er sivilagronom med studieretning allsidig jordbruk. Han har vore lektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule i ei årrekke og har m.a skrive lærebøker om økologisk plantekultur. Sidan 1989 har han drive økologisk gard i Vik og driv og verksemda Vik trafokjøt.
Kurs i mjølkesmaking
Mjølkesmaking er ein vitskap, men kunnskapen har hittil vore forbeholdt dei profesjonelle mjølkesmakarane ved meieria som testar mjølka før den går i produksjon. For å spreie kunnskap om mjølka sine smakskvalitetar har Rundballefestivalen i samarbeid med Tine utvikla eit kurs der du får ei innføring i denne edle kunsten og mjølkesmakinga sine løyndommar vert avdekte.
På kurset, som vert halde av Ivar Halland og Norunn Uvedal frå Tine, får du rettleiing i korleis du skal smake på mjølka, kva kvalitetar ein skal vere merksam på, og kva faktorar som kan gje ulik smak på mjølka. Dette er eit praktisk kurs med smaksprøvar og blindtesting, så her skal det både spyttast og skolast mellom prøvane! Du lærer kva god mjølk skal smake, og kva smakar ein ikkje vil ha. All mjølk som vert servert er pasteurisert, men labteknikarar hjå Tine har smakssett prøvar med ulike smakar for å få fram døme på det som aldri kjem i butikken.
Etter det vi kjenner til har det aldri før vore arrangert kurs i mjølkesmaking, og Rundballefestivalen konstaterer nøgd at ein nok ein gong bringer nye tankar inn i landbruksdebatten.
Av praktiske omsyn er det avgrensa tal plassar på kurset, så meld deg raskt på til Hotel Mundal.
Tlf 57 69 32 04 epost: post@hotelmundal.no