Klar for rundballefest?

 Posted by Hanne at 21:19  Ymse
aug 192010
 

Laurdag 28/8 kl 20.00 er det duka for mykje rund moro i bygdahuset. Då er det igjen klart for rundballefest. Fyrst syner Kaupanger Ungdomslag komedien «Mordet på Lunde. Når alle har lete latteren rulle  ifrå seg, vert det servert kålrullar med tilbehør. Til dessert er det kaffi og rullekake før Marvin , Olav og Knut frå Sogndal spelar opp til dans.  Det vert høve til å kjøpa brus, øl og vin heile kvelden. Inngang kr 250,- pr pers. Kun 100 plassar. Påmelding på Joker Fjærland, tlf 57692224, innan torsdag. Det vert høve til å løysa billett til berre dansen frå kl 22.30 for kr 150,-.

   
© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha