aug 292010
Rundballefilmkonkurransen fekk inn til saman fire bidrag, og eg skal avsløra med ein gong at vinnarane vart Paint ball og Gøy på landet, med delt fyrsteplass og 33 røyster kvar. Det er eit høgt nivå på båe vinnarane, og mykje arbeid som ligg bak. Heider, ære og ein liten pengepremie går til båe, samt truleg massevis av avspelingar på Youtube. Takk til alle som bidrog, og gratulerer!