Rundballerina

Denne kongroa var så uheldig å miste store deler av familien sin i denne ballen. Fyrst forsvann nokre av borna  når slåmaskina kom, og dei som berga seg då, kom seg ikkje vekk i tide når pressa kom. Continue reading »

aug 292010
 

Rundballefilmkonkurransen fekk inn til saman fire bidrag, og eg skal avsløra med ein gong at vinnarane vart Paint ball og Gøy på landet, med delt fyrsteplass og 33 røyster kvar. Det er eit høgt nivå på båe vinnarane, og mykje arbeid som ligg bak. Heider, ære og ein liten pengepremie går til båe, samt truleg massevis av avspelingar på Youtube. Takk til alle som bidrog, og gratulerer!

Eksplosiv rundballefilm

 Posted by eivind at 08:44  Film
aug 272010
 

Her er det berre ein ting å seia: Søk dekning!

Hjartans takk til Jo Marius Bøyum for ideen, André Øygard som ofra ein ball, og alle andre som hjelpte til med dette verket.

 

I morgon byrjar rundballefestivalen med øving i rundballekorpset, og etterpå rundballerock. Mesteparten er på plass – inkludert storfelt og imponerande fotokunst av Oddleiv Apneseth, som fyrst vil bli avduka på laurdag kl. 13.

Men ein ting manglar me: Nok korpsmusikarar! Mange av korpsa i nærområdet har ikkje vore klare til å ta imot den gåvepakka Rundballefestivalen er for å få sparka i gang korpsåret, og difor er me litt for få. Spelar du sjølv, eller kjenner du nokon som spelar? Kontakt oss, og bli med. Hiv dykk rundt, store og små!

aug 262010
 

Les heile programmet for Rundballefestivalen 2010.Land art frå 2006. Foto: Oddleiv Apneseth

To nye rundballefilmar

 Posted by eivind at 21:38  Film
aug 242010
 

Hipp hurra! To nye rundballefilmar har me fått inn. Fyrst ut er Else, Håkon, Karianne og Janne Merete, som har laga paintball- eller kanskje paint ball-filmen under.

Neste film er frå hundegruppa i Fjærland, som har drive aktiv trening rundt ballane. Takk til Siv Reinen, Maria Langhelle, Arild Johannes Sandvik, Hege Våtevik, Stian Årdalsbakke og Line Reinen for dette bidraget:

Takk til dykk alle! Og det er framleis plass til fleire – send oss ein epost (post alfakrull rundballefestivalen punktum no) og sei frå om de har laga ein! Les reglane, bruk fantasien, og lukke til.

aug 242010
 

Rundballefestivalen har fått dekning på NRK S&F, Kulturnett Sogn og Fjordane, Bondelaget, samt i Firda og Firda ein gong til, Sogn avis og på Origo fleire gonger. Samt truleg ein haug andre plassar, og i tillegg skal det koma meir, mykje meir. Les i veg!

Les du på mjølkekartongane?

 Posted by Hanne at 08:54  Nytt, Ymse
aug 202010
 

I så tilfelle har du kanskje lagt merke til overskrifta «Har norsk natur noko å seie for smaken på mjølka?» Dette er noko av det  me freistar å gi svar på under årets fagseminar ,»frå fôr til bord». Og ikkje berre for mjølk, men også for kjøt. Continue reading »

Klar for rundballefest?

 Posted by Hanne at 21:19  Ymse
aug 192010
 

Laurdag 28/8 kl 20.00 er det duka for mykje rund moro i bygdahuset. Då er det igjen klart for rundballefest. Continue reading »

 

Den norske bokbyen i Fjærland har runde prisar under rundballefestivalen. Alle runde boktitlar går for halv pris heile festivalhelgi. Les meir hjå bokbyen.

© 2011 Rundballefestivalen Suffusion theme by Sayontan Sinha